Fekk to nye mønstre i posten i dag, den eine med stoffpakke, kanskje det blir litt søm i helga, sidan begge broderimaskinene mine er på service.... Mønstrene er frå Artic quilter.
mandag 7. april 2008
Og so gav bambuspinnen seg, slitna rett av. Nesten ny var den og, har strikka to sjal med den. Trur eg går tilbake til gamlesorten, hvis dei ikkje varer lenger enn dette.
Dette er forresten sjalet eg begynte på til påske, er nesten ferdig.
Er ferdig med Monkeysocks og nesten et par Jaywalkers, artige sokker å strikke, blir nok fleire av desse... Strikka i henholdsvis Sisu og Fabel.
Dette er mars-sokkene frå The Knitter, kanskje det er på tide å begynne på dei også, før april sokkane kjem. Er visst litt på potta med dette klubbprosjektet.
fredag 4. april 2008
Vi har ein "hobbybonde" i familia vår, som har bursdag på lørdag. Kva kan passe bedre som presang enn denne t-skjorta? Leita litt på nettet og fann denne søte kalven.....