Då blei det enda ei veske,dei fleste kjenner vel dette siste mønsteret frå AnnAKa, og så fekk eg bruke opp litt av japanstoffa mine. Har visst gløymt å sy på knapper...
Måtte prøve meg på Swallowtail Shawl, synest det var litt lite, så eg har forstørra det litt etter tips frå nokon på Hobbyboden, hugsa ikkje kven, men takk for hjelpa!
Klussa litt med dette mønsteret, men med gode råd og hjelp fra andre strikkegale på Hobbyboden ordna det seg. Slik blir iallfall mønsteret. Sikkert mange som har strikka dette før. Har iallfall lært kva "float"er.
Endeleg blei hønepøneduken ferdig! Den har lagt ei stund uten lukkekant,men no er det gjort, så då er det vel lov til å begynne på eit nytt syprosjekt!
Duken var nesten ferdig før eg oppdaga at dei applikerte hønene var dei samme som i kantstoffet!
torsdag 1. mai 2008
Måtte vise dette, alle trudde eg var gal, for eg baker aldri, men fann denne oppskrifta på http://www.detsoteliv.no/ so er det 1 mai i dag, ikkje sant? Trur kaka heiter Suksessterte....