lørdag 30. oktober 2010

Meir strikk

Vi skal ut og reise snart, og fann ut at eg trengte litt tilbehør. Lue og pulsvarmarar strikka i Bris, pinner nr.4. Mønsteret på lua er designa av same dama som har designa den berømte(på hobbyboden)kjolen Weeruska, (som eg nesten er ferdig å strikke)
Dette er Boomslang, strikka i Wollmeise på pinner nr. 3,5. Hadde igjen rikeleg garn til eit par hanskar også, då brukte eg Knottymønsteret til Laris med litt forandring. Pinner 2,5.

onsdag 13. oktober 2010

Klukka

Då er Klukkaen ferdig, det skjedde i rekordfart! Vi skal i selskap til helga, og eg hadde sjølvsagt "ingenting" å ha på meg. Har hatt garn liggande ei stund til denne kjolen, så no blei den endelieg strikka..brukte 6 dagar! Kjøpte garn og mønster HER.

Løyvde litt garn, så for å bruke opp mest mogleg, vart det leggisser også...
Rundt hals og armer skulle det heklast ein kant, men eg valgte å strikke I-cord i staden

Chimera


Desse fingerlause vottane kjem frå Laris-Design. Eg har strikka dei i dobbel Wollmeise, pinner 4. Fargane er Spice Market og Kurbis. Desse er også ofte i bruk, men endå gjenstår det å vaske dei...

Pamuya Shawl

Dette sjalet er strikka i Lucca Fino, pinner nr. 4. Gikk rimelig fort å strikke, og er allereide i bruk. Det gikk med ca. 160 gram.