Etter litt opprydding i garn, fann eg garn og mønster til desse vottane kjøpt for fleire år sidan.Dette er eit mønster frå Randi K design, strikka i garnet Cascade 220, pinnar 2,5 og 3,5.
Etter litt opprydding i garn, fann eg garn og mønster til desse vottane kjøpt for fleire år sidan.
Eit par nye vottar blei til i løpet av eit par dagar.
Det er blitt veldig populært å strikke ting til å skjule tennbrikettrøra med. Mønsteret til denne nissen fann eg hos Mikk-L design, der kjøpte eg også garnet. På nyåret kjem det ei ugle også, frå same designer.


Årets juleduk vart eit nytt mønster frå AnnaKa. I staden for handsøm har eg brukt maskinbroderi frå LinneaArtline.
Designerane Arne & Carlos har gitt ut ei bok med mønster på strikkedukker. Desse er blitt veldig populære, og flotte julegåver blir dei også.
Då er vismannane også ferdige, og julekrybba er komplett. Det gikk ganske fort å strikke figurane, men det tok si tid å montere dei.
På Hobbyboden strikker vi julekrybbe. Det er Wia som står bak dette, og deler ut mønsteret litt etter litt. No er det berre vismennene igjen, så er den ferdig. Her var det berre å leit fram resteposane med garn. Har brukt Senjagarn, Silja, og Sisu, på pinner nr.3.
Eg hadde ein stor pose med Nepalgarn frå Drops, og då eg fann dette mønsteret, visste eg at garnet endeleg kom til nytte. Nepal er eit godt garn å strikke av, men eg synest det er litt for tjukt. St. Kilda, (Ravelrylink) eller tunikaen, er strikka på pinner nr. 5. Trur eg brukte 15-16 nøster.
Då har det blitt sokkestrikking igjen. Desse sokkane er strikka i Perfect, på pinner 3,5.
Desse er strikka i Wollmeise, pinner 2,5. Designer her er Jeannie Cartmel, ho lagar verdens finaste sokker...
Og så er det Epletreet's snurrige sokker, også strikka i Perfekt, pinner 3,5