tirsdag 22. november 2011

To gode vener

Designerane Arne & Carlos har gitt ut ei bok med mønster på strikkedukker. Desse er blitt veldig populære, og flotte julegåver blir dei også.
Desse to må nok skilje lag til jul, då får dei kvar sin ny heim der det bur to små jenter som nok blir glade , håper eg.
Dukkene er strikka i Falk frå Dalegarn på pinner nr. 2,5 og 3.

onsdag 16. november 2011

Julekrybbe

Då er vismannane også ferdige, og julekrybba er komplett. Det gikk ganske fort å strikke figurane, men det tok si tid å montere dei.
Ferdig er eg iallefall, eller? Kanskje dukkar det opp nokre fleire dyr før jul...

På Hobbyboden strikker vi julekrybbe. Det er Wia som står bak dette, og deler ut mønsteret litt etter litt. No er det berre vismennene igjen, så er den ferdig. Her var det berre å leit fram resteposane med garn. Har brukt Senjagarn, Silja, og Sisu, på pinner nr.3.
Skulle nesten hatt ein stall og.

tirsdag 15. november 2011

St. Kilda

Eg hadde ein stor pose med Nepalgarn frå Drops, og då eg fann dette mønsteret, visste eg at garnet endeleg kom til nytte. Nepal er eit godt garn å strikke av, men eg synest det er litt for tjukt. St. Kilda, (Ravelrylink) eller tunikaen, er strikka på pinner nr. 5. Trur eg brukte 15-16 nøster.
God og varm er den i allefall...
Resten av garnet eg løyvde frå St.Kilda vart det nok til eit par vottar og ein hals. Begge deler strikka på pinner 5. Brukte ca 4 nøster på begge deler.

fredag 4. november 2011

Fleire sokker

Då har det blitt sokkestrikking igjen. Desse sokkane er strikka i Perfect, på pinner 3,5.
Mønsteret er frå Bittami.
Desse er strikka i Wollmeise, pinner 2,5. Designer her er Jeannie Cartmel, ho lagar verdens finaste sokker...
Og så er det Epletreet's snurrige sokker, også strikka i Perfekt, pinner 3,5