fredag 11. mai 2012

Runde 5 i sokkegalskapen

Vi var berre 6 stykker som gikk videre til neste runde, og eg greidde å kapre siste plassen.
Desse sokkane heiter Roosimine, og  navnet på denne teknikken heiter roositud. (trur eg)
Dobbelt garn i ein kontrastfarge blir vevd ut og inn mellom maskane etter kvart som vi strikker, det ser nesten ut som mønsteret er brodert på etterpå. Nok ein ny teknikk lært...
og garnet er ....Wollmeise igjen, pinnar 2,5.
To sunnmøringar iblant dei seks, den andre frå Ørsta.


fredag 4. mai 2012

Madness runde 4

Då er eg berga gjennom runde 4 av denne sprø galskapen...
Denne gongen heiter sokkane Mosaica, og teknikken er mosaikkstrikking.
Det er vanskeleg å få jamne maskar med denne teknikken, men hengde meg på denne runda også.


Som vanleg har eg brukt Wollmeise i fargane Maus Jung og Himbeere. Pinner nr. 3