onsdag 15. mai 2013

Vakre auge

Fann eit broderi av ei auge på nettet, dette måtte eg berre sy ut. Speilvendte ei til og fikk eit vakkert augepar. Kva dette skal bli til? Tja, må i tenkeboksen her...

Meir Meshwork

 Spanande teknikk dette her, uante moglegheiter..

 Felte inn stykket på ei toalettveske, den er lik på begge sider. Mønsteret på veska er plukka frå bilder på nettet.

onsdag 1. mai 2013

Meshwork


Då har eg endeleg knekt Kubekoden. Etter mykje tenking fekk eg det til. Først laga eg skråband av 3 forskjellige stoff som har vliesofix på baksida, so laga eg ein renning av det mørkaste stoffet. Deretter fletta eg dei andre stoffa kvar sin veg i ein 60 graders vinkel.
Noke av dette panelet kjem eg til å felle inn i ei veske, eller kanskje ei toalettveske?
Ein bit skal eg montere i ei billedrame og gi i gåve til ein som vart so fasinert av desse kubene.

Grytelappar



Eg syr mykje saman med Linneas Sykulforum, og desse grytelappane er Linneas design.

2011 KALendar sjal



Dette sjalet starta som ein KAL (Knit along)for 2 år sidan. Strikka dei 3 første clua før eg vart lei. For ei stund sida hadde eg garn opprydding, og då dukka dette opp igjen. Leita fram att mønsteret, og ferdig vart det. Det er strikka i Supersoft Crocus rein ull, kjøpt på nettbutikk i Danmark. Brukte 187 gr. Pinne nr. 3.75

Drop City Scarf


Nok ein UFO ferdig, dette er også mønster frå Ravelry, brukte 136 g. av Noro pinnar nr.3

Gåve til ein 60-åring



I april hadde vi ein 60-års jubilant i familia.
Fann mønster på dette teppet på Ravelry, leita fram garn, og fort gjekk det. Pinnar nr.9, 15 nøster med Andes garn frå Drops. Teppet er cirka 135x185 cm.