onsdag 31. juli 2013

Nye sokker

 Då har Eldar fått seg nye sokkar. Fant to nøster Sterk, og mønsteret Girlfriends Choice
designa av Bittami. (Raverylenke) Ho har masse flotte sokkemønstre, ja andre ting også.
Strikka desse på pinner nr. 2,5 og 3.

onsdag 17. juli 2013

Bryllupsgåve

 Hekla teppe vart det, mønster frå Garnstudio, garn Drops Delight og krok nr.5.
Teppe er ca. 180x135.
 Sydde også kvar sitt forkle med navn på, mønster og broderidesign frå Linnea Artline.

Kjole frå Dalegarn

Lille Kaisa blir eitt år, då vart det ein kjole hekla i garnet Vipe på krok nr.3 med påsydd skjørt.

Ny veske,(Clutch)

 Ei lita konvoluttveske måtte eg ha til vi skulle i bryllup.
Denne var gjort i en fei, fann eit svart stoff, quilta veskeplast oppå, ei lita lomme inni, sydde på lukkekant, vips! ferdig. Akkurat plass til det eg trengte...


torsdag 11. juli 2013

Veggbilder


Desse bileta er ei stund sidan eg sydde, men dei blei aldri lagt ut i bloggen min.
Her i huset er vi glade i katter, so då måtte vi ha dei på veggen også..
Mønstrene på desse kjem frå AnnaKa.
Det øverste er vanleg applikasjon, og på det nederste har eg brukt paintstikcs og svamp.

Nytt sjal igjen.

Endå eit nytt sjal..Vi skal i bryllup snart, og då måtte eg sjølvsagt ha tibehør.
Sjalet heiter Leda's Dream og kjem frå Ravelry. Strikka i Wollmeise Lace på pinnar nr. 3,75.


søndag 7. juli 2013

Bursdagsgåve til lille Ada


I dag feira vi 2-års dagen til lille Ada. Traktorgenseren frå Dalegarn måtte ho sjølvsagt ha når ho bur på garden til bestefaren. Strikka i Falk, pinnar nr. 3.
Kjolen er også frå Dalegarn, hekla i garnet Vipe på krok nr. 3

Nytt sjal

 Då vart det eit nytt sjal igjen. Eg hadde eit svart sjal, men det vart gitt vekk i bursdagsgåve. Fann fram nokre nøster med Drops Alpaca, det gikk med litt over fire stk.
Sjalet heiter Alexandra Shawl, og er eit mønster frå Ravelry. Brukte pinnar nr. 4