tirsdag 20. august 2013

Sokkane Fireweeds

Garnet til desse sokkane har eg hatt liggande lenge, men har ikkje hatt rette pinnane. Bestilte frå Get Knitted i forrige veke, og i dag kom dei. Desse blir nok påbegynt i løpet av kort tid.
Mønsteret ligg gratis på Ravelry, og er designa av Rose Hiver.

Clematis Shawl

Fann dette mønsteret på Ravelry her ein dag, og visste at eg måtte få det på pinnane NO.
Eg hadde 4 nøster Drops Alpaca i lilla,(fargen på bilete lyg litt), og plutseleg var eg i gong.. Artig og strikke sjal på forskjellege måtar, pinner nr. 4.

fredag 16. august 2013

Ny toalettveske

 Då har augene eg broderte ut i vår fått plass på ei toalettveske. Såg noko lignande på ei Facebookgruppe, men gjorde min eigen vri. Veska er svært enkelt sydd, ingen lommer innvendig, quilta saman framstykke vatt og for, applikerte på augene satte i glidelås, sydde saman, ferdig.

Ashby Shawl

 Her har eg strikka eit sjal i litt tjukkare garn enn eg ellers brukar. Garnet er BC Garn Hamelton Tweed 1. Eg kjøpte strikkekit med garn og mønster på Strikkinnom, men mønsteret finnast også på Ravelry. Borden rundt sjalet er strikka først, deretter vart det plukka opp masker langs kantane innvendig og strikka med fellinger opp mot nakken. Pinnar 5 og 5,5.


Sokker igjen..

 Her har eg igjen brukt eit mønster frå Bittami. Ho har også ei gruppe på Facebook der ho gir vekk masse mønster. Desse heiter Ryggesokker, enkle og snare å strikke, eg har brukt garnet Perfect på pinnar nr. 3 og 3.5. Brukte ca 2,5 nøster.

torsdag 1. august 2013

Sjal igjen

 Er visst aldeles på sjaldilla..Dette er Sonettosjal, mønsteret fann eg på Ravelry.
 Her har eg igjen brukt Wollmeise, strikka til hespa var  oppbrukt. Pinner 3,5.
Eit nytt sjal ligg allereide til blokking, denne gong i tjukkare garn. Bilder snart...