Har aldri strikka hansker før, men desse synest eg er så vakre at eg måtte prøve. Igjen har eg brukt garne Wollmeise, farge Indisch Rot, pinner nr. 2. Mønsteret er henta frå Laris Design.
Endelig er Ulmus sjalet mitt ferdig, tok si tid med fleire andre prosjekter på gang samtidig.. Garnet er Wollmeise, farge Mitternacht og svart. Pinner nr. 4 Mønsteret finn du her.
Så har vi hatt syhelg hos Linnea igjen. Denne gongen sydde vi servietter med servettringer, og ein liten duk til å ha i brødkorga. Broderia har Linnea teikna og stingsatt.
Nok et sokkepar, dette er Route 66 også frå Stephanie van der Linden. Sokkane er lett modifisert, etter inspirasjon frå Mariann. Strikka i Wollmeise, pinner nr. 2.5
Grillsesongen er vel snart over, så det er vel heilt i siste liten for desse grillbrikkene. Begynte på desse i vår, med tilhørende glassunderlegg, men så kom den berømte sytørka, og strikkinga tok over. Men no er dei iallfall ferdige..
På veg sydover mot Munchen måtte vi sjølvsagt innom Pfaffenhofen å besøke butikken til Claudia, som selger det berømmelige wollmeisegarnet.
Vi skulle besøke Audimuseet i Ingolstadt, så vi overnatta der. Tidleg neste morgon kom vi til butikken.der var eg åleine kunde, så eg fekk handle i fred og ro. Vart kvitt ein del Euro der....