mandag 4. november 2013

Logo igjen

Då har eg stingsatt ein logo igjen, denne vart også gitt vekk til ein kollega.

Selskapsveske

 Mønster på denne veska er i siste utgave av MyQuilt.
Tango1 heiter den, på originalen er det applikert eit dansande par, eg valgte å maskinbrodere i staden.


mandag 21. oktober 2013

Ugler..

 Denne ugla er ydd heilt ferdig i broderiramma, den er ganske stor, so her er det plass til litt av kvart.
Broderidesign frå Embroiderygarden.
 Eg fann nokre Fantasy Owls på ei nettside, dei måtte sjølvsagt få plass på ei toalettveske.
Uglene fann eg på Oregonpatchwork.

Stor toalettveske

 Denne toalettveska er stor og romsleg, det meste får plass her, også hårføneren. Eg har ikkje nåke mønster på denne, eg plukkar ideer frå forskjellege plassar. Maskinbroderi frå https://kreationsbykara.com/


mandag 14. oktober 2013

A Good Nights Work

Litt strikking igjen, desse er designa av Bittami, her har eg brukt garnet Sterk og pinnar 3,0.

Broderte logoer

 Her har eg brodert nokre mugrugs med logoer. Man United til sonen, eg kjøyrer Audi, mannen BMW, og ein kollega har Honda. BMW og Honda har eg stingsatt sjølv. Dette er visst lov til privat bruk.


Quiltdiva

Denne kule quiltedama sydde eg for fleire år sidan. Ho har til no hengt på vår lokale sy og garnbutikk, men no har ho komt heim..

torsdag 12. september 2013

Toalettvesker

Desse augene vart svært populære, fekk bestilling på to stk. rosa, og slik vart dei..

onsdag 11. september 2013

Kjøkkenkluter

Bittami (Ravelrybutikken hennar) har laga fleire mønster på kjøkkenkluter. Her har eg strikka 3 av dei, garnet er Tuva frå Europris, eit billeg og bra bomullsgarn. Pinnar nr.3

torsdag 5. september 2013

Twister duk

 Vi har eit rundt glasbord som trengte ein duk på seg. Valget fall på Twister midi linjalen som eg ikkje har prøvd før. Kjekt og holde på med, kjem nok til å prøve dette igjen.




onsdag 4. september 2013

Då vart sokkane ferdige..

 Garnet er kjøpt i Amerika for lenge sidan og heiter Artisan sock frå Hazel Knits. Pinnar 2,25 og 2,5.
Godt nøgd med desse, må nok ha dei sjølv..


tirsdag 20. august 2013

Sokkane Fireweeds

Garnet til desse sokkane har eg hatt liggande lenge, men har ikkje hatt rette pinnane. Bestilte frå Get Knitted i forrige veke, og i dag kom dei. Desse blir nok påbegynt i løpet av kort tid.
Mønsteret ligg gratis på Ravelry, og er designa av Rose Hiver.

Clematis Shawl

Fann dette mønsteret på Ravelry her ein dag, og visste at eg måtte få det på pinnane NO.
Eg hadde 4 nøster Drops Alpaca i lilla,(fargen på bilete lyg litt), og plutseleg var eg i gong.. Artig og strikke sjal på forskjellege måtar, pinner nr. 4.

fredag 16. august 2013

Ny toalettveske

 Då har augene eg broderte ut i vår fått plass på ei toalettveske. Såg noko lignande på ei Facebookgruppe, men gjorde min eigen vri. Veska er svært enkelt sydd, ingen lommer innvendig, quilta saman framstykke vatt og for, applikerte på augene satte i glidelås, sydde saman, ferdig.

Ashby Shawl

 Her har eg strikka eit sjal i litt tjukkare garn enn eg ellers brukar. Garnet er BC Garn Hamelton Tweed 1. Eg kjøpte strikkekit med garn og mønster på Strikkinnom, men mønsteret finnast også på Ravelry. Borden rundt sjalet er strikka først, deretter vart det plukka opp masker langs kantane innvendig og strikka med fellinger opp mot nakken. Pinnar 5 og 5,5.


Sokker igjen..

 Her har eg igjen brukt eit mønster frå Bittami. Ho har også ei gruppe på Facebook der ho gir vekk masse mønster. Desse heiter Ryggesokker, enkle og snare å strikke, eg har brukt garnet Perfect på pinnar nr. 3 og 3.5. Brukte ca 2,5 nøster.

torsdag 1. august 2013

Sjal igjen

 Er visst aldeles på sjaldilla..Dette er Sonettosjal, mønsteret fann eg på Ravelry.
 Her har eg igjen brukt Wollmeise, strikka til hespa var  oppbrukt. Pinner 3,5.
Eit nytt sjal ligg allereide til blokking, denne gong i tjukkare garn. Bilder snart...


onsdag 31. juli 2013

Nye sokker

 Då har Eldar fått seg nye sokkar. Fant to nøster Sterk, og mønsteret Girlfriends Choice
designa av Bittami. (Raverylenke) Ho har masse flotte sokkemønstre, ja andre ting også.
Strikka desse på pinner nr. 2,5 og 3.

onsdag 17. juli 2013

Bryllupsgåve

 Hekla teppe vart det, mønster frå Garnstudio, garn Drops Delight og krok nr.5.
Teppe er ca. 180x135.
 Sydde også kvar sitt forkle med navn på, mønster og broderidesign frå Linnea Artline.

Kjole frå Dalegarn

Lille Kaisa blir eitt år, då vart det ein kjole hekla i garnet Vipe på krok nr.3 med påsydd skjørt.

Ny veske,(Clutch)

 Ei lita konvoluttveske måtte eg ha til vi skulle i bryllup.
Denne var gjort i en fei, fann eit svart stoff, quilta veskeplast oppå, ei lita lomme inni, sydde på lukkekant, vips! ferdig. Akkurat plass til det eg trengte...


torsdag 11. juli 2013

Veggbilder


Desse bileta er ei stund sidan eg sydde, men dei blei aldri lagt ut i bloggen min.
Her i huset er vi glade i katter, so då måtte vi ha dei på veggen også..
Mønstrene på desse kjem frå AnnaKa.
Det øverste er vanleg applikasjon, og på det nederste har eg brukt paintstikcs og svamp.

Nytt sjal igjen.

Endå eit nytt sjal..Vi skal i bryllup snart, og då måtte eg sjølvsagt ha tibehør.
Sjalet heiter Leda's Dream og kjem frå Ravelry. Strikka i Wollmeise Lace på pinnar nr. 3,75.