tirsdag 29. juli 2008

Heime igjen...


Så er ferien snart over, men vi koser oss like mykje for det! Vi har hatt ein kjempeflott tur som alltid når vi reiser på denne måten. Vi kjørte til Berlin, videre inn i Polen. På veg sydover besøkte vi også Auswich, ein heller trasig opplevelse. Så stod Zakopane for tur, ein kjent vintersportstad heilt syd i Polen.

Slovakia og Bratislava vart neste stopp, før vi kom til Reit Im Winkl i Austerrike. Etter det vart det nokre dagar i Munchen, der vi besøkte BMW museet. Etter det snudde vi nordover, som sagt ein kjempetur, og vi opplevde mykje rart og artig. Vi greide også å punktere på Autobahn, men det er ei anna historie...

Ingen kommentarer: