Ja, det heiter denne lua. Eg løyvde litt garn frå Still light tunikaen, strikka med dobbelt garn og pinner nr. 4. det vart akkurat nok...Halsen er Tuesday night cowl, brukte 3 nøster Nepal, pinner nr.5
Ja, det heiter denne lua. Eg løyvde litt garn frå Still light tunikaen, strikka med dobbelt garn og pinner nr. 4. det vart akkurat nok...
Nok ein kjole som mange damer på hobbyboden har strikka.Designer er Jatta Saukko, som også har laga mønster på den grå lua i eit tidlegare innlegg. Her har eg brukt eit garn frå Europris, pinner nr. 4 .Kjolen gikk rett i vaskemaskina etter eg var ferdig, og det er like spanande kvar gong om det gikk bra denne gongen og.
Vi skal ut og reise snart, og fann ut at eg trengte litt tilbehør. Lue og pulsvarmarar strikka i Bris, pinner nr.4. Mønsteret på lua er designa av same dama som har designa den berømte(på hobbyboden)kjolen Weeruska, (som eg nesten er ferdig å strikke)
Dette er Boomslang, strikka i Wollmeise på pinner nr. 3,5. Hadde igjen rikeleg garn til eit par hanskar også, då brukte eg Knottymønsteret til Laris med litt forandring. Pinner 2,5.
Då er Klukkaen ferdig, det skjedde i rekordfart! Vi skal i selskap til helga, og eg hadde sjølvsagt "ingenting" å ha på meg. Har hatt garn liggande ei stund til denne kjolen, så no blei den endelieg strikka..brukte 6 dagar! Kjøpte garn og mønster HER.
Løyvde litt garn, så for å bruke opp mest mogleg, vart det leggisser også...
Desse fingerlause vottane kjem frå Laris-Design. Eg har strikka dei i dobbel Wollmeise, pinner 4. Fargane er Spice Market og Kurbis. Desse er også ofte i bruk, men endå gjenstår det å vaske dei...
Jakker er i vinden for tiden, er sesong for det no...den syrinfarga er kragejakka frå Nøstebarn, denne er strikka i totråds ullgarnet derifrå,. Hadde nesten for lite garn, då 100 grams hespene deira var veldig undervektige, dei eg kjøpte vog frå 85 til 95 gr. Strikka knappestolpane litt smalare enn mønstra sa, då holt det akkurat, hadde igjen ca. 5 meter...strikka str.L




