torsdag 24. juni 2010

To nye sjal



Då er to nye sjal ferdige, klare til å vere med på ferie. Det kvite heiter Clothilde, og er strikka i Kauni Lace på pinner nr.3,75. Dette sjalet er veldig tynt og lett, det veg berre 96 gram. Det brunorange sjalet heiter Brandywine, og er strikka i Bugga! på pinner 4. Også eit deilig sjal, men mykje tjukkare.

Ingen kommentarer: