torsdag 2. juni 2011

Til Anja



Då er prinseteppet, eller prinsesseteppet i dette tilfellet, ferdig og klart til levering. Ei lita jente kjem snart til verda og skal få dette.
Mønsteret kjem eigentleg frå Shetlandsøyane, men stammar heilt tilbake frå 1800-talet i Skottland,der foreldra til Prinsesse Mary av Danmark stammar frå. Sjalet vart brukt både til babysvøp og som vanleg sjal av kvinnene.
Det er fleire namn på dette teppet, bla. det royale svøp, og prinseteppe. Desse namna kom nok i bruk då Prinsesse Mary fekk dette til sin første prins. Seinare vart det strikka eit til, då tvillingane kom.
Håper prinsessa dykkar Anja, vil kose seg i dette teppet.



Teppet er strikka i Trysil sitt babygarn, merinoull pinnar 4mm. Det gikk med ca. 350 gr., resten vart eit par babyboots....

2 kommentarer:

Anja sa...

Teppet ser nydelig ut,tante!!Er helt sikker på at Vasset-prinsessa vil stortrives i teppet:=)Tusen takk!Setter stor pris på det!

Linda sa...

For eit fint teppe. Og for eit arbeid. Dette kjem nok til å varme ein liten kropp.