onsdag 7. september 2011

Eg broderer igjen..

Eg har kosta støv av broderimaskinene mine, var eigentleg spent på om dei i det heile tatt virka. Dei var heilt i orden, og det var gøy å sy litt igjen. Dette motivet er frå ein av kolleksjonane til Linnea Artline eit glasunderlegg sydd ferdig i broderiramma. Dette er sydd på ei Janome 1100.
Dette er ei baby smekke som blir heilt ferdig i broderiramma, kjøpt hos Smartneedle. Dette er Brother maskina mi, ei 4000D
Litt av syrommet mitt, som de ser er det begrensa med plass, men det fungerer bra når ein veit kvar alt er. Lenger bort til høgre har vi datamaskinene våra..
Og her er smekka ferdig..

Ingen kommentarer: