mandag 26. september 2011

Vognteppe i dobbelstrikk


Då kan eg vise fram vognteppet Latvisk hage, som var ein dåpspresang til lille Ada.
Teppet er dobbeltstrikka, det vil sei at det er likt på begge sider, men speilvendt på den eine.
Garnet eg brukte er Wollmeise, pinnar nr. 2,5.
Mønsteret er det Pinneguri som har satt saman, ho har strikka mange variantar med forskjellig mønster av dette teppet, men har fora baksida med stoff.





fredag 23. september 2011

Ny veske

Trengte ei ny veske til helga, og då vart det ei av veskene til Bente Malm.
Veska er fora med svart stoff, og har to lommer innvendig, den eine med glidelås i det grå stoffet som er brukt til hankar og lokk.
Mykje arbeid på denne, litt tung å sy med både solidot og støttestoff innafor det vanlege foret.

lørdag 17. september 2011

Søm

Då har eg sydd litt igjen. I det siste Fat Quarter magasinet såg eg denne løparen,og visste at eg måtte sy denne, hadde akkurat dei stoffa liggande som passa på stuebordet vårt. Enkel og grei, snar og sy også...

onsdag 7. september 2011

Eg broderer igjen..

Eg har kosta støv av broderimaskinene mine, var eigentleg spent på om dei i det heile tatt virka. Dei var heilt i orden, og det var gøy å sy litt igjen. Dette motivet er frå ein av kolleksjonane til Linnea Artline eit glasunderlegg sydd ferdig i broderiramma. Dette er sydd på ei Janome 1100.
Dette er ei baby smekke som blir heilt ferdig i broderiramma, kjøpt hos Smartneedle. Dette er Brother maskina mi, ei 4000D
Litt av syrommet mitt, som de ser er det begrensa med plass, men det fungerer bra når ein veit kvar alt er. Lenger bort til høgre har vi datamaskinene våra..
Og her er smekka ferdig..