onsdag 1. mai 2013

Meshwork


Då har eg endeleg knekt Kubekoden. Etter mykje tenking fekk eg det til. Først laga eg skråband av 3 forskjellige stoff som har vliesofix på baksida, so laga eg ein renning av det mørkaste stoffet. Deretter fletta eg dei andre stoffa kvar sin veg i ein 60 graders vinkel.
Noke av dette panelet kjem eg til å felle inn i ei veske, eller kanskje ei toalettveske?
Ein bit skal eg montere i ei billedrame og gi i gåve til ein som vart so fasinert av desse kubene.

Ingen kommentarer: