tirsdag 29. juli 2008

Nye briller,


Fekk meg nye briller i ferien, desse Gucci brillene vart kjøpt på eine ferga vi tok.

Lite strikking i varmen,


Har ikkje gjort noke handarbeid i ferien, har so vidt begynt på eit sokkepar..


I Tyskland kom eg over nokre garnbutikker..

Heime igjen...


Så er ferien snart over, men vi koser oss like mykje for det! Vi har hatt ein kjempeflott tur som alltid når vi reiser på denne måten. Vi kjørte til Berlin, videre inn i Polen. På veg sydover besøkte vi også Auswich, ein heller trasig opplevelse. Så stod Zakopane for tur, ein kjent vintersportstad heilt syd i Polen.

Slovakia og Bratislava vart neste stopp, før vi kom til Reit Im Winkl i Austerrike. Etter det vart det nokre dagar i Munchen, der vi besøkte BMW museet. Etter det snudde vi nordover, som sagt ein kjempetur, og vi opplevde mykje rart og artig. Vi greide også å punktere på Autobahn, men det er ei anna historie...

fredag 4. juli 2008

Ferie!


Om nokre få timer reiser vi på ferie! I år går turen til Polen, via København og Tyskland. Kanskje havner vi heilt i Ukraina og Krim også, vi får sjå kor leie vi blir.....Men det er 250 mil da, til Yalta.

tirsdag 1. juli 2008

Sokker,


Og so blei det et par sokker rett før ferien, et par Childs first socks in Shell Pattern, strikka i Sisu, frå boka Knitting Vintage Socks, av Nancy Bush

mandag 30. juni 2008

Bursdagsgave,


I helga var vi i bursdagsselskap i Eidsdalen, og dette vart gåva.

Passa nok fint på hytta deira...

tirsdag 24. juni 2008

Swallowtail shawl



Endelig blei dette også ferdig, det gikk forferdelig seint på slutten...Det blei iallfall stort nok, litt over meteren frå nakken og ned.

mandag 23. juni 2008

Votter


Desse mønstrene med garn, kom i posten idag.

Kanskje det blir vottestrikking i ferien?

tirsdag 10. juni 2008

onsdag 4. juni 2008

Koppefiller


Alle strikka dei, måtte prøve eg også. Skulle kanskje festa endane etter kvart...

Hmmmm, merkelig farge på dette bilde da!

onsdag 21. mai 2008

UEFA Champions League-finale


Vi har heimekino i kjellaren, slik såg det ut i gangen vår, etter at en gjeng Manchester United fans hadde gjort sitt inntog...

Syhelg,


Ihelga skal vi sy ryggsekker i quilteklubben til http://www.pwquilt.se/

Veske igjen...



Då blei det enda ei veske,dei fleste kjenner vel dette siste mønsteret frå AnnAKa, og så fekk eg bruke opp litt av japanstoffa mine. Har visst gløymt å sy på knapper...

fredag 16. mai 2008

Sjal igjen....


Måtte prøve meg på Swallowtail Shawl, synest det var litt lite, så eg har forstørra det litt etter tips frå nokon på Hobbyboden, hugsa ikkje kven, men takk for hjelpa!

Ny veske


Har sydd ny veske, fant dette mønsteret hos pwquilt, enkel og grei mønster, snar å sy...

fredag 9. mai 2008

Sokker igjen...



Klussa litt med dette mønsteret, men med gode råd og hjelp fra andre strikkegale på Hobbyboden ordna det seg. Slik blir iallfall mønsteret. Sikkert mange som har strikka dette før. Har iallfall lært kva "float"er.

mandag 5. mai 2008

Hønepøner


Endeleg blei hønepøneduken ferdig! Den har lagt ei stund uten lukkekant,men no er det gjort, så då er det vel lov til å begynne på eit nytt syprosjekt!
Duken var nesten ferdig før eg oppdaga at dei applikerte hønene var dei samme som i kantstoffet!

torsdag 1. mai 2008


Måtte vise dette, alle trudde eg var gal, for eg baker aldri, men fann denne oppskrifta på http://www.detsoteliv.no/ so er det 1 mai i dag, ikkje sant? Trur kaka heiter Suksessterte....