onsdag 7. september 2011

Eg broderer igjen..

Eg har kosta støv av broderimaskinene mine, var eigentleg spent på om dei i det heile tatt virka. Dei var heilt i orden, og det var gøy å sy litt igjen. Dette motivet er frå ein av kolleksjonane til Linnea Artline eit glasunderlegg sydd ferdig i broderiramma. Dette er sydd på ei Janome 1100.
Dette er ei baby smekke som blir heilt ferdig i broderiramma, kjøpt hos Smartneedle. Dette er Brother maskina mi, ei 4000D
Litt av syrommet mitt, som de ser er det begrensa med plass, men det fungerer bra når ein veit kvar alt er. Lenger bort til høgre har vi datamaskinene våra..
Og her er smekka ferdig..

mandag 22. august 2011

Mallorca

So er ferien over for denne gong, og vi er heime igjen etter ei veke på Mallorca.
Flott hotell, varmt og godt(?), og god mat og drikke med all included og alt det bere med seg...
heftig var det i allefall.....
Bileta er tatt frå hotellrommet vårt.


tirsdag 9. august 2011

Ny jakke (Paulie)

Då vart det ny jakke på meg. Denne er strikka i Arwetta frå 123 knit, mønsteret kjøpte eg gjennom Ravelry.
Her har eg brukt litt over 3oo gram grått, og ca 60 gram sennep. Knappane fann eg i Ålesund.

fredag 29. juli 2011

Barselsgåve

Lille Gabriel kjem snart til verda, mor hans er ein kollega av meg. I den anledning strikka eg eit babyteppe. Garnet er Drops sitt Merino ekstra fine, pinner 4,5. Det gikk med ca.300 gram.

Av restane vart det både hue vottar og labbar...

To kjoler til Ada.


Lille Ada kom til verda 7. juli, og då MÅTTE eg strikke kjoler.
Den korallrøde er strikka i Babysilk frå Du Store Alpakka og er designa av Marte Helgtun.
Den lysegrønne er strikka i Arwetta. Mønsteret er Fionas top. (Ravelrylink)

lørdag 25. juni 2011

Sockmysterium

Desse sokkane er strikka i Wollmeise, farge Clementine pinnar 2,5.
Ein gong i veka har vi fått ein del av mønsteret, og først når dei var ferdige visste vi korleis dei vart.
Det er Yarnissima som har designa dette mønsteret, og alt har foregått på Ravelry.

tirsdag 21. juni 2011

Rare sokker

Desse sokkane er vel ganske annaleis. Ein startar med å strikke eit hexagon, deretter halve helen, så fot og tå, og til slutt resten av helen og leggen.
Garnet er Zitron Trekking XXL. Det gikk med litt under 80 gram garn, pinnar 2.5.

Litt artige da....

tirsdag 7. juni 2011

Restestrikk

Fann ein liten rest med grøn Wollmeise, farge Fruhling, då vart desse labbane til...

torsdag 2. juni 2011

Til Anja



Då er prinseteppet, eller prinsesseteppet i dette tilfellet, ferdig og klart til levering. Ei lita jente kjem snart til verda og skal få dette.
Mønsteret kjem eigentleg frå Shetlandsøyane, men stammar heilt tilbake frå 1800-talet i Skottland,der foreldra til Prinsesse Mary av Danmark stammar frå. Sjalet vart brukt både til babysvøp og som vanleg sjal av kvinnene.
Det er fleire namn på dette teppet, bla. det royale svøp, og prinseteppe. Desse namna kom nok i bruk då Prinsesse Mary fekk dette til sin første prins. Seinare vart det strikka eit til, då tvillingane kom.
Håper prinsessa dykkar Anja, vil kose seg i dette teppet.



Teppet er strikka i Trysil sitt babygarn, merinoull pinnar 4mm. Det gikk med ca. 350 gr., resten vart eit par babyboots....

søndag 22. mai 2011

Circle socks


Desse sokkane er strikka i Wollmeise, den multifarga er Fabel. Pinner 2,25

Sokker med uvanlege former




Skew heiter desse sokkane, ok uvanlege er dei. Strikka frå storetåa og opp, men svært enkle og snare og strikke. Garnet er Sockina Cotton frå Schoeller+Stahl. Det gikk med 91 gram.

tirsdag 17. mai 2011


Då er mysteriesokkane frå Hobbyboden ferdig, hadde igjen ca 1 meter garn. Sokkane er mjuke og gode...takk til Bittami som gav oss mønsteret.

onsdag 11. mai 2011

København


I påska var vi nokre dagar i København, og då høyrer det sjølvsagt med eit besøk på garnbutikken Sommerfuglen. (Iallfall for oss som har strikkedilla..)
Det vart ikkje handel denne gongen, men det blir nok fleire anledningar....

mandag 9. mai 2011

Mysteriesokker

På Hobbyboden har Bittami laga mønster på mysteriesokker. Vi får ein del av mønsteret ein gong i veka,og vi veit ikkje korleis sokkane ser ut før dei er ferdige.
Her har eg brukt Sterk, frå Du Store Alpakka, pinner 3.

Sockmadnessen fortsetter..

Heiv meg på 2 runder til, dette er sokkane frå 4. og 5. runde, berre to runder igjen... begge desse para er strikka i Wollmeise, pinner 2, og 2,5.
Dei mørkaste har 80 maskar,(desse er strikka i skyggestrikking, mønsteret kjem fram ved å alternere to fargar på rette og vrange omgangar.) så det gjekk rimelig seint. Likevel, starta på dei fredag ettermiddag, ferdig søndag.

mandag 25. april 2011

Drops delight teppe

Då kan eg vise fram teppet som eg har hekla på i vinter. Dette var ei 50-års gåve, bursdagen er over, og gåva overlevert, og teppet kan visast fram.
Mønsteret er frå Garnstudio, brukte nål nr.5. Originalteppet var ikkje så stort, så eg brukte ca. dobbelt så mykje garn som angitt i mønsteret.

tirsdag 12. april 2011

Sockmadness 2011

Då er runde 3 i sokkegalskapen snart ferdig. 3 par sokker har vi strikka i rekordfart etterkvart som mønstrene vart utsende. Denne galskapen er i regi av Ravelry, et verdensomspennende strikke og hekleforum. Her må du vere medlem for å sleppe inn..
Det er færre og færre som får vere med for kvar runde, til slutt står ein vinnar tilbake.
Er nok tvilsomt om eg greier å henge med ei runde til, skal jobbe litt også...

mandag 11. april 2011

Vassmelonsokker


Garnet til desse sokkane er farga for å ligne vassmelonen, og det gjer dei verkeleg også. Garnet har eg hatt liggande ei tid, men no vart dei endelig ferdige. Pinner 2,5.

Tuppehøner og påskesokker

Desse hønene er eigentleg vinhøner med plass til en vinkartong inni, men eg stappa dei med gamle filler og sydde igjen. Mønster frå heftet toving, sandnes garn. Strikka i Fritidsgarn og tova på 40 grader.
Garnstudio har også i år gitt ut mønster på påskesokker. Desse er strikka i Perfect på pinner nr. 3,5.

tirsdag 29. mars 2011

Påskeharane er her..


Eg har rydda litt i garnet mitt, og då dukka det opp ein pose med bomullsgarn.
Påske, tenkte eg då eg såg fargane, og plutselig var påskeharane her....

onsdag 9. mars 2011

Test frå iPhone




- Posted using BlogPress from my iPhone

tirsdag 1. februar 2011

Fleire sjal

Dette sjalet heiter Hitchhiker, og er strikka i Wollmeise superwash, pinner 3,5mm. Fargen er Schwammerl.
Mønsteret fann eg på Ravelry.
Nok eit sjal i Wollmeise, dette heiter Clockwork, designet av Stephen West.
Fargar er Rahbarber og Maus Alt. Her har eg brukt Twingarnet so er litt tjukkare enn superwash, pinner 3,75mm.

Advents sjal


Eg var med på ein adventskal på "nettet" før jul. Kvar dag fekk vi ein ny mønsterraport, 24 i alt, den siste kom julaftan. 1. juledag var eg ferdig, og då vart sjalet nesten 2 meter...Mellom kvar rapport er det strikka inn små perler.
Garn, Wollmeise, pinner 3,75. Det er øverste bildet som har rette lillafargen...

Batiksjal

Mønster på dette sjalet fann eg her, dette er strikka litt annaleis enn det eg er vant med, begynte nede, la opp alle maskane på full bredd, og strikka oppover og endte til slutt med null masker midt på sjalet i nakken. Garnet er Wollmeise 100, pinner 3,75 farge Campari Orange. Brukte ca. 175 g.
Eg fekk iPad til jul, og den er heilt super å lagre mønstre på.

Baking


Laurdag vart det bakedag i heimen. Aniskringler og brød vart det. Brødet stod til kald heving i ca. 20 timar, og blei steikt i ei gryte med lokk. Saftig og godt!

fredag 28. januar 2011

Nytt år..


Det nye året er allereide godt i gang, og blogging har det vore lite av. Desse sokkane strikka eg til jul, mønste fann eg på garnstudio, garnet er Perfect, pinnar 3,5.

onsdag 26. januar 2011

mandag 29. november 2010

Intuitive...

Ja, det heiter denne lua. Eg løyvde litt garn frå Still light tunikaen, strikka med dobbelt garn og pinner nr. 4. det vart akkurat nok...
Halsen er Tuesday night cowl, brukte 3 nøster Nepal, pinner nr.5