søndag 21. desember 2008

Hjelp!


Tryna her ein dag eg kom frå jobb då eg skulle gå ut av bilen og øydelagde foten, så no er det med ein fot på jobb, og ispose på når eg kjem heim.....

Benkeduk


Denne duken har også termovatt, slik at den kan brukast til å sette panner på, mønster og design frå http://www.linneaartline.com/public/menybyts.php#

Pepperkaker,


I år blei pepperkakene her i huset sydd istaden for å bake, då kan eg pakke dei ned etter jul,og ta dei fram att neste, dei har kanskje fått litt mykje steiking, altså litt for mørkt stoff..... mønster og design http://www.linneaartline.com/public/menybyts.php#

Litt baking i siste liten...




Då blei det brente mandler, og gulrotkake, favoritter her i huset...

fredag 5. desember 2008

Har sydd litt julegreie..











Vi er veldig lite julete i min familie, vi jobber som vanlig heile jula, men litt julesøm blei det likevel... bildene taler for seg sjølv...mønster og design er http://www.linneaartline.com/public/menybyts.php# bortsett frå grytekluten og votten, dei er ifrå http://pwquiltklubb.zoomin.se/

mandag 10. november 2008

Litt søm,


Har sydd/brodert eit brødkorgklede, som passar til dekkebrikkene eg sydde for ei stund sidan, også dette er mønster og design frå http://www.linneaartline.com/public/menybyts.php#

Sjal og pulsvarmere,


Har strikka pulsvarmere for første gong, takk for mønster Wenche, og då høyrer det sjølvsagt med sjal også..

Et par til...


mandag 20. oktober 2008

Votter,


I helga vart eg ferdig med desse vottane frå Randi K Design ,

vakre, ikkje sant?

tirsdag 14. oktober 2008

Snart jul...



Eg har sydd i lilla stoff! Den absolutt værste fargen eg veit!

Har aldri hatt adventsduk, fordi advent er lilla, og det er for meg ein ekkel farge.

Tenkte eg skulle lage ein i år likevel, men den kjem nok aldri til å ligge på mitt bord....

Den røde var ein som vart sydd samtidig, sidan eg var i julemodus...

lørdag 11. oktober 2008

Dekkebrikker og gryteunderlag,


Har endelig fått tid til å sy litt igjen, det har blitt dekkebrikker og et gryteunderlag, det siste brukte eg termovatt i, slik at pannene kan settast rett på brikka... mønster og design frå http://www.linneaartline.com/public/menybyts.php#

litt julegreier er også snart ferdig.

onsdag 3. september 2008

Litt nytt,


Forrige helg hadde vi syhelg i quilteklubben til Paivi, og då sydde vi holdere til kaffefilter.

Det er desverre lita tid både til blogging og handarbeid for tida, det er ikkje kvar dag eg tek fram symaskina eller strikkepinnane. Jobben tek mykje tid akkurat no, håpar det kjem seg utover hausten.

torsdag 21. august 2008

Plommer, mykje plommer!!


Kva skal vi lage av dette, skal tru?

Fleire sokker...


Årets julegåver, kanskje?
Legg strikkinga litt på hylla no, hausten er rett rundt hjørnet, så då må symaskinene fram igjen!

Feriekjøp...


Dette taler vel for seg...

søndag 10. august 2008


Og dette er stien heim...

Her er nokre bilder frå dagens fjelltur, dette er tatt ifrå Klepp her i Volda, og ned mot huset vårt,vakkert, ikkje sant! Du ser eit kryss der huset vårt er.

Fjelltur..


Her er ein av naboane våre,

lørdag 2. august 2008

Volda i kveld..



Grille skal vi likevel, for temperaturen er ok..

Eg fekk denne utmerkelsen frå Wenche , tusen takk til deg! Hadde ikkje tenkt å gi den videre til noken, eg synest alle bloggane eg er innom er veldig inspirerande, så eg har ingen favoritt...

tirsdag 29. juli 2008

Nye briller,


Fekk meg nye briller i ferien, desse Gucci brillene vart kjøpt på eine ferga vi tok.

Lite strikking i varmen,


Har ikkje gjort noke handarbeid i ferien, har so vidt begynt på eit sokkepar..


I Tyskland kom eg over nokre garnbutikker..

Heime igjen...


Så er ferien snart over, men vi koser oss like mykje for det! Vi har hatt ein kjempeflott tur som alltid når vi reiser på denne måten. Vi kjørte til Berlin, videre inn i Polen. På veg sydover besøkte vi også Auswich, ein heller trasig opplevelse. Så stod Zakopane for tur, ein kjent vintersportstad heilt syd i Polen.

Slovakia og Bratislava vart neste stopp, før vi kom til Reit Im Winkl i Austerrike. Etter det vart det nokre dagar i Munchen, der vi besøkte BMW museet. Etter det snudde vi nordover, som sagt ein kjempetur, og vi opplevde mykje rart og artig. Vi greide også å punktere på Autobahn, men det er ei anna historie...

fredag 4. juli 2008

Ferie!


Om nokre få timer reiser vi på ferie! I år går turen til Polen, via København og Tyskland. Kanskje havner vi heilt i Ukraina og Krim også, vi får sjå kor leie vi blir.....Men det er 250 mil da, til Yalta.

tirsdag 1. juli 2008

Sokker,


Og so blei det et par sokker rett før ferien, et par Childs first socks in Shell Pattern, strikka i Sisu, frå boka Knitting Vintage Socks, av Nancy Bush

mandag 30. juni 2008

Bursdagsgave,


I helga var vi i bursdagsselskap i Eidsdalen, og dette vart gåva.

Passa nok fint på hytta deira...

tirsdag 24. juni 2008

Swallowtail shawl



Endelig blei dette også ferdig, det gikk forferdelig seint på slutten...Det blei iallfall stort nok, litt over meteren frå nakken og ned.

mandag 23. juni 2008

Votter


Desse mønstrene med garn, kom i posten idag.

Kanskje det blir vottestrikking i ferien?

tirsdag 10. juni 2008

onsdag 4. juni 2008

Koppefiller


Alle strikka dei, måtte prøve eg også. Skulle kanskje festa endane etter kvart...

Hmmmm, merkelig farge på dette bilde da!

onsdag 21. mai 2008

UEFA Champions League-finale


Vi har heimekino i kjellaren, slik såg det ut i gangen vår, etter at en gjeng Manchester United fans hadde gjort sitt inntog...

Syhelg,


Ihelga skal vi sy ryggsekker i quilteklubben til http://www.pwquilt.se/

Veske igjen...



Då blei det enda ei veske,dei fleste kjenner vel dette siste mønsteret frå AnnAKa, og så fekk eg bruke opp litt av japanstoffa mine. Har visst gløymt å sy på knapper...

fredag 16. mai 2008

Sjal igjen....


Måtte prøve meg på Swallowtail Shawl, synest det var litt lite, så eg har forstørra det litt etter tips frå nokon på Hobbyboden, hugsa ikkje kven, men takk for hjelpa!