fredag 18. desember 2009

Nye Sjal..




To nye sjal, det blå er Ishbel sjalet, strikka i Wollmeise pinner nr.4. Fargen er Am Kalten Polar.


Det oransje heiter Akimbo, også Wollmeisegarn, farger Spice Market og Kurbis. Mønstre kjøpt på nettet ein plass....

Juleservietter




Har sydd juleservietter til meg og mannen. Igjen broderi og design frå Linnea.

lørdag 28. november 2009

Pulsvarmere


Desse pulsvarmerane er dobbeltstrikka, så dei er like på innsida og utsida, berre speilvendte i fargane. Nok ein gong, garnet er Wollmeise, fargar Granatapfel og Aquarius, pinner 2,5. Samme designer som på hanskane i tidlegare innlegg.

torsdag 26. november 2009

Hansker igjen...







Hansker er gøy å strikke, desse heiter Bobbie, og som dei forrige er desse også frå Laris Design. Garnet er Wollmeise, fargane Schottenrock og Aquarius. Pinne nr.2,5

søndag 8. november 2009

Miss Sophie`s Hands




Har aldri strikka hansker før, men desse synest eg er så vakre at eg måtte prøve. Igjen har eg brukt garne Wollmeise, farge Indisch Rot, pinner nr. 2. Mønsteret er henta frå Laris Design.

mandag 2. november 2009

Ulmus


Endelig er Ulmus sjalet mitt ferdig, tok si tid med fleire andre prosjekter på gang samtidig.. Garnet er Wollmeise, farge Mitternacht og svart. Pinner nr. 4 Mønsteret finn du her.

lørdag 31. oktober 2009

Wollmeise


Og dette kom i posten i dag....

Er dette haust?


Dette fann eg i hagen i hagen i dag, løvetann, minner ikkje mykje om haust...




torsdag 15. oktober 2009

Syhelg


Så har vi hatt syhelg hos Linnea igjen. Denne gongen sydde vi servietter med servettringer, og ein liten duk til å ha i brødkorga. Broderia har Linnea teikna og stingsatt.







fredag 25. september 2009

Bursdagsmiddag,


Siste kvelden av ferieveka vår,feirer vi 60-års dagen til min kjære ektemann. Vi åt paella, og den var god...

mandag 21. september 2009

Mallorca


Koser oss på mallorca, veret er heilt passe, i dag var vi i palma på shopping,

torsdag 17. september 2009

Flystrikk


I morgon reiser vi sydover ei vekes tid, så då må eg sjølvsagt ha flystrikk. Då blir det Ulmus sjal, garnet er Wollmeise, pinner nr. 3,5

onsdag 16. september 2009

Tøffelcape






Då har eg og strikka Tøffelcape, som mange av damene på Hobbyboden har gjort. Min er strikka i Sumatra. pinne nr. 4,5. Brukte 350g i str. L



tirsdag 15. september 2009

Route 66


Nok et sokkepar, dette er Route 66 også frå Stephanie van der Linden. Sokkane er lett modifisert, etter inspirasjon frå Mariann. Strikka i Wollmeise, pinner nr. 2.5

torsdag 3. september 2009

Grilling?







Grillsesongen er vel snart over, så det er vel heilt i siste liten for desse grillbrikkene. Begynte på desse i vår, med tilhørende glassunderlegg, men så kom den berømte sytørka, og strikkinga tok over. Men no er dei iallfall ferdige..



Broderier og mønster fra Linnea Artline.



tirsdag 18. august 2009

Bilferie

På veg sydover mot Munchen måtte vi sjølvsagt innom Pfaffenhofen å besøke butikken til Claudia, som selger det berømmelige wollmeisegarnet.

Vi skulle besøke Audimuseet i Ingolstadt, så vi overnatta der. Tidleg neste morgon kom vi til butikken.der var eg åleine kunde, så eg fekk handle i fred og ro. Vart kvitt ein del Euro der....



fredag 10. juli 2009

Harikasokker...


Designer Stephanie van der Linden, garnet er Regia Landscape, og Regia farge petrol.



Ferdig!

Lenge sidan sist, men her er litt nytt...


Har strikka sokker igjen,

dette er Delfter Blau, fra boka Socken aus aller Welt av Stephanie van der Linden.

Garnet er Wollmeise, men det gulaktige er noke eg ikkje hugsar namnet på...

lørdag 21. mars 2009

Snart påske...


Egg er påske, dette er ikkje speilegg, men glassunderlegg, MÅTTE berre legge dei på steikepanna....