lørdag 25. juni 2011

Sockmysterium

Desse sokkane er strikka i Wollmeise, farge Clementine pinnar 2,5.
Ein gong i veka har vi fått ein del av mønsteret, og først når dei var ferdige visste vi korleis dei vart.
Det er Yarnissima som har designa dette mønsteret, og alt har foregått på Ravelry.

tirsdag 21. juni 2011

Rare sokker

Desse sokkane er vel ganske annaleis. Ein startar med å strikke eit hexagon, deretter halve helen, så fot og tå, og til slutt resten av helen og leggen.
Garnet er Zitron Trekking XXL. Det gikk med litt under 80 gram garn, pinnar 2.5.

Litt artige da....

tirsdag 7. juni 2011

Restestrikk

Fann ein liten rest med grøn Wollmeise, farge Fruhling, då vart desse labbane til...

torsdag 2. juni 2011

Til Anja



Då er prinseteppet, eller prinsesseteppet i dette tilfellet, ferdig og klart til levering. Ei lita jente kjem snart til verda og skal få dette.
Mønsteret kjem eigentleg frå Shetlandsøyane, men stammar heilt tilbake frå 1800-talet i Skottland,der foreldra til Prinsesse Mary av Danmark stammar frå. Sjalet vart brukt både til babysvøp og som vanleg sjal av kvinnene.
Det er fleire namn på dette teppet, bla. det royale svøp, og prinseteppe. Desse namna kom nok i bruk då Prinsesse Mary fekk dette til sin første prins. Seinare vart det strikka eit til, då tvillingane kom.
Håper prinsessa dykkar Anja, vil kose seg i dette teppet.



Teppet er strikka i Trysil sitt babygarn, merinoull pinnar 4mm. Det gikk med ca. 350 gr., resten vart eit par babyboots....