tirsdag 24. juli 2012

Driftwood, Cardigan

 Inspirert av fleire andre på Hobbyboden har eg også strikka denne. Mjuk og god vart den, strikka i Mor Åse sitt ull/bomull. Her har eg brukt pinnar 3,5. Mønster på Ravelry, det er vel her eg finn dei fleste mønstrene eg strikkar. Brukte ca. 5 nøster i kvar farge. Denne er strikka frå toppen og ned, og på denne måten blir overgangen til armane veldig fine.

Sjal igjen

 Sjalet heiter Enes Scarf, og mønster fann eg på Ravelry. Dette er strikka i Drops Alpaca på pinner 4,0. Eg brukte ca. 170 gram.



fredag 20. juli 2012

Bilferie

 So har vi vore på bilferie i Europa igjen. I år gjekk turen først vestover til Nederland og Zwolle. Der besøkte vi butikken til Astrid, ho har også nettbutikk som eg har handla på nokre gonger. Måtte handle litt då, sidan vi var der...


 Dette er rett utanfor hotellet vi budde på.
På veg syd-østover var vi innom Køln for å sjå Kølndomen, ei svært vakker kirke. Vi hamna i Bayeren Munchen til slutt, favorittbyen vår. Sidan dette ikkje var planlagt, ringte vi før ankomst og bestilte hotell for nokre netter. Etter Munchen loffa vi oss sakte nordover igjen. Ein topp ferie med godt ver.