mandag 25. april 2011

Drops delight teppe

Då kan eg vise fram teppet som eg har hekla på i vinter. Dette var ei 50-års gåve, bursdagen er over, og gåva overlevert, og teppet kan visast fram.
Mønsteret er frå Garnstudio, brukte nål nr.5. Originalteppet var ikkje så stort, så eg brukte ca. dobbelt så mykje garn som angitt i mønsteret.

tirsdag 12. april 2011

Sockmadness 2011

Då er runde 3 i sokkegalskapen snart ferdig. 3 par sokker har vi strikka i rekordfart etterkvart som mønstrene vart utsende. Denne galskapen er i regi av Ravelry, et verdensomspennende strikke og hekleforum. Her må du vere medlem for å sleppe inn..
Det er færre og færre som får vere med for kvar runde, til slutt står ein vinnar tilbake.
Er nok tvilsomt om eg greier å henge med ei runde til, skal jobbe litt også...

mandag 11. april 2011

Vassmelonsokker


Garnet til desse sokkane er farga for å ligne vassmelonen, og det gjer dei verkeleg også. Garnet har eg hatt liggande ei tid, men no vart dei endelig ferdige. Pinner 2,5.

Tuppehøner og påskesokker

Desse hønene er eigentleg vinhøner med plass til en vinkartong inni, men eg stappa dei med gamle filler og sydde igjen. Mønster frå heftet toving, sandnes garn. Strikka i Fritidsgarn og tova på 40 grader.
Garnstudio har også i år gitt ut mønster på påskesokker. Desse er strikka i Perfect på pinner nr. 3,5.