mandag 29. november 2010

Intuitive...

Ja, det heiter denne lua. Eg løyvde litt garn frå Still light tunikaen, strikka med dobbelt garn og pinner nr. 4. det vart akkurat nok...
Halsen er Tuesday night cowl, brukte 3 nøster Nepal, pinner nr.5

Arne og Carlos luer



Desse luene er blitt veldig populære, flotte julegaver da...Garn, freestyle, pinner 4,5 og 5.

lørdag 20. november 2010

Weeruskakjolen


Nok ein kjole som mange damer på hobbyboden har strikka.Designer er Jatta Saukko, som også har laga mønster på den grå lua i eit tidlegare innlegg. Her har eg brukt eit garn frå Europris, pinner nr. 4 .Kjolen gikk rett i vaskemaskina etter eg var ferdig, og det er like spanande kvar gong om det gikk bra denne gongen og.
Denne kjolen blir antrekk neste helg på lutefiskaften...

lørdag 30. oktober 2010

Meir strikk

Vi skal ut og reise snart, og fann ut at eg trengte litt tilbehør. Lue og pulsvarmarar strikka i Bris, pinner nr.4. Mønsteret på lua er designa av same dama som har designa den berømte(på hobbyboden)kjolen Weeruska, (som eg nesten er ferdig å strikke)
Dette er Boomslang, strikka i Wollmeise på pinner nr. 3,5. Hadde igjen rikeleg garn til eit par hanskar også, då brukte eg Knottymønsteret til Laris med litt forandring. Pinner 2,5.

onsdag 13. oktober 2010

Klukka

Då er Klukkaen ferdig, det skjedde i rekordfart! Vi skal i selskap til helga, og eg hadde sjølvsagt "ingenting" å ha på meg. Har hatt garn liggande ei stund til denne kjolen, så no blei den endelieg strikka..brukte 6 dagar! Kjøpte garn og mønster HER.

Løyvde litt garn, så for å bruke opp mest mogleg, vart det leggisser også...
Rundt hals og armer skulle det heklast ein kant, men eg valgte å strikke I-cord i staden

Chimera


Desse fingerlause vottane kjem frå Laris-Design. Eg har strikka dei i dobbel Wollmeise, pinner 4. Fargane er Spice Market og Kurbis. Desse er også ofte i bruk, men endå gjenstår det å vaske dei...

Pamuya Shawl

Dette sjalet er strikka i Lucca Fino, pinner nr. 4. Gikk rimelig fort å strikke, og er allereide i bruk. Det gikk med ca. 160 gram.

søndag 26. september 2010

Bursdag

Her er det bursdagsfeiring i dag, veret er so flott at vi tok svelesteikinga på terassen....
Frå terassen vår har vi flott utsikt utover Voldsfjorden....

torsdag 9. september 2010

Folklorejakka ferdig

Jakka er endelig ferdig, mangler knapper da...har brukt 185 gram av Holstgarnet, hadde en spole på 500 gr., så har faktisk nok til ei jakke til...

fredag 3. september 2010

Rotekroken min i kveld...

Litt stillstand på desse prosjekta mine, men dei ligg no her rundt meg...

torsdag 2. september 2010

Fleire arbeid på pinnane...

Dette er kragejakke nr. 2 frå Nøstebarn. Denne gongen strikka i NZ lammeull frå 123 knit,her bruker eg pinner nr.4,5.
Så er det den berømte Folklore jakka som mange på Hobbyboden har strikka. Denne er nesten ferdig, har igjen å klippe opp framme og strikke stolper. Garnet er frå Holstgarn, kontrastgarnet er Noro Kureyon Sock. Pinner 3,5.
Fekk denne boka i posten ein dag, og då kom eg på kva eg skulle bruke Parisgarnet mitt til....Pinner 4,5.

lørdag 28. august 2010

Nye jakker

Jakker er i vinden for tiden, er sesong for det no...den syrinfarga er kragejakka frå Nøstebarn, denne er strikka i totråds ullgarnet derifrå,. Hadde nesten for lite garn, då 100 grams hespene deira var veldig undervektige, dei eg kjøpte vog frå 85 til 95 gr. Strikka knappestolpane litt smalare enn mønstra sa, då holt det akkurat, hadde igjen ca. 5 meter...strikka str.L
Den andre jakka heiter Garter Yoke Cardigan, og er strikka i en nydelig blålilla farge. Kjøpte garnet hos Malsen og mor fargen heiter Blå Aronia.

tirsdag 17. august 2010

Still Light Tunic


Har vore ferdig med denne tunikaen ei stund, men har framleis ikkje vaska den. Er litt i tvil om eg skal handvaske eller maskinvaske den...
Garnet er Drops Alpaca, og pinner nr. 3

fredag 23. juli 2010

Wollmeise


På tur sydover til Munchen måtte eg sjølvsagt innom Pfaffenhofen igjen for å besøke Wollmeisebutikken. Hadde ei ønskeliste da, men dei hadde ikkje alt eg ville ha, men litt handel blei det....

fredag 16. juli 2010

Featherweight Cardigan


Bilde 123 (Medium)
Originally uploaded by Tolines
Denne tynne jakka er strikka frå toppen og ned. På den måten er det lett å tilpasse størrelse. Garnet er Wollmeise farge Ballerina, den er litt meir lilla enn på bildet. Denne gongen har eg brukt lacegarnet, pinner nr. 3,5.

torsdag 24. juni 2010

Plain and simple


Ja, det er navnet på denne vesten,namnet taler vel for seg sjølv, den er enkel i utforming, men du verden kor kjedelig å strikke! Her har eg igjen brukt Wollmeise 100, fargen heiter Feldmaus, men er mykje brunere enn bildet seier. Pinner nr. 3. Eg måtte begynne på hespe nr. 3 når kragen og ermribbene stod igjen, fargen på denne hespa var mykje lysere enn dei andre, men pyttsan, vesten har vore i bruk fleire gonger den.....

To nye sjal



Då er to nye sjal ferdige, klare til å vere med på ferie. Det kvite heiter Clothilde, og er strikka i Kauni Lace på pinner nr.3,75. Dette sjalet er veldig tynt og lett, det veg berre 96 gram. Det brunorange sjalet heiter Brandywine, og er strikka i Bugga! på pinner 4. Også eit deilig sjal, men mykje tjukkare.

fredag 7. mai 2010

Femininskjørt


Då vart eg endeleg ferdig med femininskjørtet frå boka Feminin strikk. Dette holdt på å bli ein ufo, vanskelig å velge farge til heklekantane mellom kvar mønsterrapport. Gikk for samme farge som skjørtet, lettere å finne passande overdel då. Garnet er Safran, pinner 3,5.

onsdag 28. april 2010

Tempest


Då er Tempest jakka endelig ferdig. Tok ei stund før knappane kom i gitt....Mønsteret på denne jakka fann eg på Ravelry, eit strikkeforum på nettet. Du må vere medlem for å komme inn der. garnet eg har brukt er Wollmeise twin, pinner 3,5. Fargane er Spicemarket og Zur Lederhosn.

lørdag 24. april 2010

Genser frå Garnstudio



Denne genseren er strikka i Wollmeise, pinner nr.2,5. Hovedfargen er Neptun..trur eg..

Vest


Mønster på denne vesten fant eg på nettet ein plass. Strikka i lett Lopi på pinner nr.4,5

søndag 11. april 2010

Siste rest av Påske


Påska er ferdig, men påskebrikkene mine vart ikkje ferdig før i dag. Symaskina nekta å starte rett før påske, men med god hjelp frå ein reddande engel på nettet fekk vi ho igang igjen....(Takk igjen Idri)

fredag 2. april 2010

tirsdag 2. mars 2010

Valentinesokker


Litt forsinka, men her er mine valentinesokker, strikka med dobbel Wollmeise. Fargane er Dornroschen,Tutu, og Natur. Pinner 3,5, mønster frå Garnstudio.

søndag 28. februar 2010

Herbivore


Herbivore sjalet,( igjen Steven West) er strikka i Wollmeise på pinner nr.3,75.(Sjaldilla tek visst aldri slutt...)

Daybreak sjal


Her er enda eit sjal frå Steven West. Dette er strikka i Bugga!, eit mjukt og godt garn å strikke av. Pinner nr. 4 var passelig på dette sjalet.

fredag 19. februar 2010

Sandnestunikaen


Mange på Hobbyboden har strikka denne tunikaen. Dette var smittsamt, her har eg strikka den i Wollmeise, pinner nr.3
I staden for vanlig avfelling i halsen, har eg felt av med ein I-cord. Dette gav avslutninga ein rund og fast kant. Dette gjorde eg også i ermhola.
Fargane eg har brukt er, hovedfarge: Maus Jung, mønsterfarger, Ruby Thursday, Simply Pink, og Mistelzweig. Alle i 80/20 Twin.

søndag 17. januar 2010

Karin Lace Shawl


Dette er nok eit sjal designa av Evelyn Clark. Mønsteret er lett å memorere, så det gjekk rimeleg
fort å strikke det. Garn, Wollmeise, farge Ruby Thursday, pinner 3,75.