torsdag 21. juni 2012

Ankelsokkar


På tide å bruke opp litt restegarn, og då passar Ankelsokkane til Bitta Mikkelborg heilt perfekt. (Raverylenke) Garnet er igjen Wollmeise..(bombe..)
Desse er gjort i ein fei fordi dei er so korte i brotet.
Pinnar 2,5. Det gjekk med ca. 77 gram til kvart par.

onsdag 13. juni 2012

Vårplanting?

Kattefluksa har okkupert eine blomsterkrukka, varm jord er sikkert godt å ligge på! Det vart iallfall ikkje planta blomster i denne krukka....

Litt nytt til Ada


Lille Ada blir snart eitt år, tida går jammen fort! To kjoler vart det, den grå er strikka i Sisu, pinner 2,5 og 3. Den andre er srtikka i Wollmeise, samme pinnenr. Mønstrene fann eg i ukebladet Familien. Mariusgenseren er også strikka i Sisu. Alle plagga har størrelse 2 år.

Journey to Sherwood


Sokkegalskapen er over, eg datt ut på nest siste runde, mønsteret kom då vi var ei veke på Mallorca.
Prøver igjen neste år....
Eit sjal har sett dagens lys, dette er strikka i Drops Baby Alpaca Silk. Eit mjukt og deilig garn.
Pinner nr. 4. Eg hadde 4 nøster, det var akkurat litt forlite, så eg brukte Drops Alpaca på dei 3 siste
omgangane. Mønster fann eg på Ravelry.