torsdag 29. mars 2012

Sockmadness par 2

Då er par nr.2, Frick n Frack ferdig. Desse sokkane vart strikka på to forskjellige måter, den eine tå opp, og den andre ribb ned. Synest det gjekk litt fortare når dei vart strikka ulikt.
Garnet er igjen Wollmeise fargen er Cassis. Pinnar 2.5.








- Posted using BlogPress from my iPhone

lørdag 17. mars 2012

Påske

Påska er rett rundt hjørnet, so då vart det ny duk og to høner, eller ei høne og ein hane?
Mønster frå AnnAka.

fredag 16. mars 2012

Babyteppet Quadrature for Korrigan

Ein ny verdensborgar er på veg inn i familia vår, då måtte det bli eit nytt babyteppe.
Quadrature for Korrigan synest eg er eit enkelt og elegant teppe.
Tjukt garn og pinnar gjorde at det gjekk fort å strikke. Pinnar nr. 5 og dobbel babyull frå
Gjestal. Brukte 400 gram.




tirsdag 13. mars 2012

Sockmadness 2012

So er sokkegalskapen på Ravelry i gang igjen. Dette er første paret, strikka i Wollmeise på pinner 2,25. Fargen heiter Single Malt. Denne gongen skulle vi bruke ein terning som skulle bestemme om vi skulle flette eller ikkje. På denne måten vart sokkane ulike. Flott mønster!
Dette første paret hadde vi to veker på oss og fullføre, når neste mønster kjem startar rotteræset på rett!

lørdag 3. mars 2012

Våren er her, nesten..

Dette gjorde vi i går ettermiddag, tvinga fram våren og steikte vafler. Litt kaldt, men men...

torsdag 1. mars 2012

Vottar til meg, hanskar til mannen

Mannen ville ha tynne hanskar, leita litt rundt på Ravelry og fann mønsteret på
Froot Loop Gloves. Dei er strikka i Wollmeise på pinnar 2,5, brukte 86 gr.

Desse vottane heiter Bjørnebærvottar, og er designa av Wenche Roald. Ho har også
designa fleire andre flotte mønster..
Har brukt Østlandsgarn på desse, pinnar 3 og 3,5.